fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: January 2008
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2008_01_01_archive.html
Monday, January 7, 2008. Er det sant det dei seier at Fiskerens Venn jubilerer i dag? Det er visst det. Herre min hatt som tida går. Nei, det er vel mykje det same. Kjerringa har litt hofteproblem? Ja, men det var verre i fjor. Men klagar, det gjer ho. Ja ja Men vi kan vel ikkje bli ståande her. Nei, det er vel så det. Hugsar du Anton, forresten? Kan vel ikkje seie det. Subscribe to: Posts (Atom). View my complete profile. Eit eige rom med utsikt.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: God jul!
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2008/12/god-jul.html
Thursday, December 25, 2008. I lige måde dr. H. - God jul til deg, god jul til alle fiskarvener. December 26, 2008 at 3:27 PM. Litt rørande at ein ikkje er gløymd, åtte månader etter. December 27, 2008 at 1:20 PM. Det er sannsynligvis en drøss med folk her fremdeles. Hm, lenge siden sist jeg brukte uttrykket "en drøss". December 27, 2008 at 7:01 PM. For min del må du gjerne bruke det oftare. December 28, 2008 at 12:54 PM. January 8, 2009 at 12:42 PM. Subscribe to: Post Comments (Atom).
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: Romjulsdraum
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2008/12/romjulsdraum.html
Sunday, December 28, 2008. I natt drøymde eg at nokon (ein prest) snakka om "hosteørna", ein utryddingstruga fugleart. Eg låg på ei lita hylle i kyrkja, ved sida av altertavla, kledd i kinesisk silkepyjamas. Eg begynte å flire og tenkte at det er ikkje rart at ho er utryddingstruga, med den hosten. Det er vel dette Hauge/Tveitt året? Ei kjensle av tap når det no er slutt. 08 var eit år på ørnetuva, no døyr poesien ut, - er du redd for. Og hosten: - Hjå OHH:. No er det ikkje vind att. Og ikkje fuglar,.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: May 2007
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2007_05_01_archive.html
Monday, May 28, 2007. Sidan Fiskerens venn har opparbeidd seg eit rykte for å ha svar på det meste, kjem det også inn stadig fleire spørsmål. Det siste er frå ein lesar som lurer på: Kor stor var eigentleg Solfrid "Winnie" Heier i Polen? Går ut frå at dette (t.v.) kan vere ein liten indikasjon. Sunday, May 20, 2007. Godt å tenkje på. Alle desse er no på Facebook. Wednesday, May 9, 2007. Kva er den finaste sommarlyden? Lyden av ein pungdjevel i doggvått gras. Friday, May 4, 2007. Livet og det heile.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: April 2008
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2008_04_01_archive.html
Wednesday, April 16, 2008. Eg veit ikkje korleis det har seg, men iblant får eg ei kjensle av framandgjering i forhold til Innboksen min. Og eg tenkjer: Kven er alle desse menneska? Kvifor skriv dei til meg? Er det noko dei vil? Ligg det noko under? I slike tilfelle tar eg meg gjerne ein tur rundt i korridorane, og når eg så kjem inn att på kontoret er som regel alt ved det gamle. Subscribe to: Posts (Atom). View my complete profile. Eit eige rom med utsikt.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: June 2007
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2007_06_01_archive.html
Monday, June 18, 2007. Desse to mennene har nettopp funne opp ein reiskap som skal brukast til å slette internett. Thursday, June 14, 2007. Forbrukarspalta: Lus i håret på lykketroll. Særleg når det gjeld eitt som har tent deg trufast gjennom nærmare førti år. Bildet er sjølvsagt ikkje det autentiske lykketrollet, men eit simpelt illustrasjonsfoto.). Subscribe to: Posts (Atom). View my complete profile. Eit eige rom med utsikt. Forbrukarspalta: Lus i håret på lykketroll.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: Ei hending
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2009/01/ei-hending.html
Monday, January 19, 2009. Det var på 70 talet. Eg hadde fått kasettopptakar. I februar tok eg opp vermeldinga. Det var sterk storm ved Stadt. Haglbyger som gjekk over i sludd (dvs. vadlesletta). Far min skulle alltid høyra vermeldinga. I juli ein gong, ein nydeleg sumars dag, sa far min, som so mange gonger før: ver stille, no kjem vermeldinga. Og eg kopla ut radioen og inn spelaren, og ut tona den innspelte meldinga. Ja han vert rusken, sa far min. January 19, 2009 at 11:34 PM. Den var steikje god!
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: November 2007
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2007_11_01_archive.html
Tuesday, November 27, 2007. I natt vakna eg av at bestefar min stod attmed senga. Kva gjer du her? Han såg på meg med eit glasaktig blikk og sa:. I det siste har eg begynt å tenkje på alt eg gjekk glipp av mens eg framleis var i live. Om eg kanskje var for streng med meg sjølv. Det er vel litt seint å tenkje på det no, sa eg. Då sukka han djupt og svarte:. Du har rett i det. Det er vel litt seint no, ja. Sunday, November 25, 2007. For å få julestemninga på skinner blar vi på ny i arkivet. Kor kjend er du?
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: Frå den andre sida
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2009/01/fr-den-andre-sida.html
Tuesday, January 6, 2009. Frå den andre sida. Eg drøymde at eg var ein tur innom i dødsriket, og det var mykje som var annleis enn eg hadde trudd. Eg tenkte: Fagottar? Men det mest uventa var å sjå Olav Stedje. Eg trur, sanneleg min hatt, at Dr H har sove mykje denne jula. Og det er klart, er det lite kjekke filmar på tv og ein ikkje orkar å gå på kino eller leige ein dvd - ja då er det betre å drøyme noko sjølv. Nattkino som vi pla kalle det. Filifjonka som drøymer i fargar. January 8, 2009 at 12:46 PM.
fiskerensvenn.blogspot.com
Fiskerens venn: July 2007
http://fiskerensvenn.blogspot.com/2007_07_01_archive.html
Monday, July 30, 2007. Det er ikkje verre. Mange har lurt paa korleis det kan ha seg at eg alltid slepper lynraskt gjennom alle folkemengder, ikkje minst utanfor utestader i store byar. Svaret er at eg bruker det gamle trikset og seier med kraftig stemme: "Slipp meg frem, jeg er norsk lege! Ikkje minst i utlandet har dette god effekt. Men om alle no begynte aa gjere det same, ville nok effekten snart avta. Friday, July 13, 2007. Olafr Havrevold er død. Subscribe to: Posts (Atom). View my complete profile.
SOCIAL ENGAGEMENT