havorn.blogspot.com
Havørn: september 2007
http://havorn.blogspot.com/2007_09_01_archive.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Mandag 3. september 2007. Her går det fort i svingane. Fredag og laurdag var Einar, Ingrid og eg på vikingmarknad på Herøy Gard. Fredag kveld og natt til laurdag var det knallblå himmel. Vi sat oppe til 0200 og såg på månen og stjernene. Eg fekk seld 2 bogar og nokre piler. Fekk forresten melding frå ho i dag tidleg. Ho var ute og gjekk i solskinet. Kva var no det, igjen? Etiketter: Pil og boge. Abonner på: Innlegg (Atom).
havorn.blogspot.com
Havørn: Hasundhornet
http://havorn.blogspot.com/2008/06/hasundhornet.html
Torsdag 29. juni var 8. klassingane på tur til Run. Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Mandag 30. juni 2008. I dag var det regn frå morgonen, men så skein det plutseleg opp! I eit par timar var det sol frå skyfri kimmel. Mona ville site heime og brodere, så eg tok med meg jentene og sette kursen mot Hasundhornet. Det er ein passe lang tur for 8-åringar, og fin utsikt det meste av vegen. Første høgda heiter Høgebruna, men skiltet seier "Høgebrua". Eit språkleg mistak. Ein fin og lærerik tur.
havorn.blogspot.com
Havørn: august 2007
http://havorn.blogspot.com/2007_08_01_archive.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Lørdag 18. august 2007. Denne helga er eg åleinepappa med ansvaret for fire born. Mona tok med seg Kristin og drog på Rennebumarknaden. Det er vel og bra, eg klarer meg godt åleine eit par dagar. Men no vart det litt ekstraarbeid. Einar kjøpte seg båt før helga. Ein 15 fots færing, fin og mørk, med kvit ripe. Vi har fortøyd han nede ved sjøhuset til svigerfar. Der ligg han i sitt rette miljø og tek seg godt ut. Og så vart det jammen eit båtkjøp til! Det er sagt av ...
havorn.blogspot.com
Havørn: mai 2008
http://havorn.blogspot.com/2008_05_01_archive.html
Friluftgudsteneste 2. pinsedag. Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Mandag 19. mai 2008. Friluftgudsteneste 2. pinsedag. I år såg det ut som om veret skulle øydeleggje for oss på Høgåsen. Ein kald vind hadde fleire dagar jaga oss i hus. Og kaldt var det da vi starta å gå oppover. Vinden sleikte oss i nakken medan vi gjekk oppetter råsa. Eg hadde med fleire ekstra lag med klede, og naturlegvis ull innerst! Mykje folk hadde teke turen opp, og det vart ei strålande oppleving. Abonner på: Innlegg (Atom).
havorn.blogspot.com
Havørn: juni 2009
http://havorn.blogspot.com/2009_06_01_archive.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Torsdag 11. juni 2009. Helgetorsdag tok eg meg ein tur til Nordmøre for å hjelpe Edvard med langhuset som Martine skal få i konfirmasjonsgåve. Det var fantastisk å sjå kor mykje som var gjort sidan påska, men mykje godt arbeid var enno ugjort. Eg tok på meg å barke trestokkar. Her er det meste gjort med handemakt, og det som er gjort med meir moderne redskap syner ikkje. Huset er ca. 15 meter langt, og seks meter på det breidaste. Mant, foreldre og gjestar!
havorn.blogspot.com
Havørn: Ny skule!! :)))))
http://havorn.blogspot.com/2009/03/ny-skule.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Mandag 16. mars 2009. Har vi fått flytte inn i ny skule. Etter to år med kummerlege tilhøve for lærarar og elevar står skulen der, ny og blank! No er vi i alle fall innflytta! Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom).
havorn.blogspot.com
Havørn: Tur til Hakallestranda
http://havorn.blogspot.com/2008/06/tur-til-hakallestranda.html
Torsdag 29. juni var 8. klassingane på tur til Run. Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Søndag 29. juni 2008. Vi hadde venta oss ein regntung søndag, men da vi vakna var det nesten slik at vi kunne seie at veret var fint! Vi hadde allereie bestemt at vi skulle besøke Aina på Sandvikgarden på Hakallestranda, så vi åt frukost i ein fart, pakka med oss niste ut i bilen, og køyrde over til Larsnes, det vi tok ferja over til Åram. Derifrå er det berre fem minutt å køyre. Ridetur vart det også. Inne på løa...
havorn.blogspot.com
Havørn: oktober 2007
http://havorn.blogspot.com/2007_10_01_archive.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Søndag 21. oktober 2007. I dag har Ingrid vore med på handballturnering, og eg sat i sekretariatet, førte lister med resultat, scoringar o.s.b. Ingrid var ikkje førnøgd. Det blei to tap, ein uavgjort og ein siger. Det verste var vel at ho ikkje spelte den kampen dei vann. Abonner på: Innlegg (Atom).
havorn.blogspot.com
Havørn: Endeleg attende!
http://havorn.blogspot.com/2008/11/endeleg-attende.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Mandag 24. november 2008. Er du der framleis? Trudde du hadde gitt opp å sjå innom, sidan eg ikkje har blogga på så lenge. Men her er eg, og livet er bra! Sjølv om eg ikkje gjennomførte å blogge sommaren vår, kan eg seie at han vart bra, og aktivitetane var mange. Vi fekk endeleg tid til å stikke innom Inger på Averøya, medan Tore og jentene var der. Vi fekk endatil vere med å krasje fly. Det var lenge sidan sist! Legg inn en kommentar.
havorn.blogspot.com
Havørn: mars 2008
http://havorn.blogspot.com/2008_03_01_archive.html
Gift Har 5 born. Vis hele profilen min. Tirsdag 25. mars 2008. Har hatt ei krempåske! Første delen var det dagar med regn, men og så mykje opphald at eg fekk skrudd opp ein terrasse i hagen. Skjærtorsdag køyrde vi til mor på ålvundeidet. Langfredag strålte sola frå skyfri himmel. Einar og eg tok trekket opp og gjekk til Kjerringvatnet medan dei andre gjekk til det nye skileikområdet som idrettslaget har fått laga. På fjellet var det ein kald vind, men det var silkeføre, og turen ned tok svært kort tid.